Formannskapsmøte i nytt herad, kompromiss og tung materie...
Voss herad starta det politiske 2020 med formannskapsmøte, der etikk og varsling sto høgt på agendaen. Iril Schau Johansen hadde varsla innspel om varsling, men vart einsleg svale då det skulle røystast. Etikk er vedteke å vera viktig i heradet framover, men korleis gjennomfører ein gode intensjonar? Barnehagen på Bolstad byrjar livet i brakkerigg frå hausten, men vil han havna i gamleskulen etterkvart? Politisk kommentator Rolf Tepstad tek deg med inn i starten på det politiske året i heradet.
Bjørn Sandnes ser nærare på saka om arbeidsmiljøet i barnevernet på Voss. Det er blant det tyngste ein kan arbeida med, tykkjer han, og gjev all ære til dei som trør til når familiar har det som verst.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Create your
podcast in
minutes
It is Free