I veka som var fekk me avgjerda i erstatningssaka for dei som bur under gondolen. Det kom og fram kvifor forvaltinga meiner Vossolaksen bør klara seg sjølv, kven som tener mest i heradet og at skit kan vera gull verd når han kanskje vert biogass på Voss om nokre år. Panelet med redaktør Geir Geitle og politisk journalist Rolf Tepstad greier ut.
Stine Strand Carlsen har dykka ned i krisa rundt barnevernet på Voss. Arbeidsmiljøet gjer dei tilsette sjuke, og heradet løyser dei akutte problema i høgtida med konsulentar. Men korleis tek me oss best av borna som treng vern framover, undrar me?
Til slutt er soknepresten på Vossestrand, Cato Torsvik gjest i podkasten. Han tek oss med på køyretur i soknet, og den tidlegare ambulansesjåføren held "himmelekspressen" på vegen med stø hand. Men om hendene er støe så har han likevel klart å køyra seg vekk i Jordalen, kan han fortelja. Det, og at kyrkja på Vinje står feil veg, er blant mange oppsiktsvekkande ting me finn ut av på den kyrkjelege køyreturen denne veka.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Create your
podcast in
minutes
It is Free