Torsdag vert det offisiell opning av Stedet, som er Frelsesarmeen sitt ferskaste tilbod. Stedet skal vere ein stad der ein kan kome og bidra anten med ulike handarbeid, spele fotball, delta på turgrupper og mykje meir. Ein stad å kome for å ha nokre rusfrie timar, for det å vere rusfri når ein kjem er eit krav.
Vi har tatt ein prat med aktivitetsleiar Britt Roald Nesvik og Kristine Hurlen, sosial fagleg leiar og tilretteleggar, om den nye aktivitetsstaden i Ålesund.
-Det skal vere ein plass der ein kan kome og oppleve meistring og samle rusfrie timar, seier Hurlen i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Torsdag kl. 12 i Keiser Wilhelmsgate 54 vert det offisiell opning.
Create your
podcast in
minutes
It is Free