-Det er veldig, veldig gøy, seier Anna Sperre om 7aren, som synest det er kjekt med kiosk og leikar. I fleire tiår har 7aren på Ellingsøy bedehus vore eit ungdomsarbeid for barn mellom 5. -7. klasse (10-12 år) annakvar fredag. Sperre synest annakvar fredag er alt for sjeldan. Venninna Mathilde Bjørge er einig i dette, og fortel at det av og til er heile klassa som stiller på 7aren.
I haust starta fyrste samling med 35 deltakarar, og under andre samling var det samla rundt 50 ungdomar i bedehuskjellaren. Grunnen til auka var at dei som starta opp som 8. klassingar denne hausten ynskja seg inn på 7aren som dei gjekk ut i frå i vår, sidan dei trivdes så godt der. Sidan ynskje om å få kome til ungdomskveld på bedehuset for 8. klassingane og oppover er så stort, så skal det no også starte Seinfredag for denne aldersgruppa denne hausten.
-Det er uvurdeleg å få samle ungdom i denne alderen der ein kan få høyre Guds ord, seier Lasse Molnes. Han starta sjølv som deltaker på 7aren, før han vart leiar i ung alder. I dag er han far til born i aldersgruppa og framleis med som leiar.
Create your
podcast in
minutes
It is Free