Kva har karriererettleiing med livskvalitet å gjere? Kva samanhengar er det mellom karriererettleiing og psykisk helse? Og kva betyding har det å vere i arbeid for psykisk helse og livskvalitet?
I denne episoden av Veilederforum-podden snakkar vi om samanhengen mellom psykisk helse, livskvalitet og karriererettleiing med Professor Pete Robertson ved School of Applied Sciences ved Edinburgh Napier University.
Robertson har blant anna skrive artikkelen The impact of career guidance on the mental well-being of young people, der han blant anna framhevar at karriererettleiing har ei rekke element som kan bidra til auka livskvalitet: Ein kan bli kjend med sine eigne styrker, ha fokus på framtida og sette seg oppnåelege mål, og ein kan òg bygge ein sosial identitet gjennom arbeid. Vidare støtter karriererettleiing menneske sånn at dei får tilgang til anstendig arbeid og utdannings- og opplæringsmoglegheiter som kan føre til inntekt, sosial kontakt, meiningsfull aktivitet og sunne utfordringar.
Pete peiker i artikkelen på at myndigheiter ser på karriererettleiing som ei teneste som kan bidra til å nå tre politiske mål:
Dette beskriv godt korleis det ein vanlegvis ser på karriererettleiing når det gjeld måloppnåing, men Robertson meiner at karriererettleiing også kan spele ei rolle når det gjeld å bidra til psykisk helse og trivsel.
Create your
podcast in
minutes
It is Free