Til helga blir det Håpskonsert med Norea Music i Engesetdalen, Ulsteinvik og Sykkylven. Det er Elisabeth Lillebø Sæth, saman med Ingrid Grøvan og Ingvild Sæther, som inviterer til gratiskonsertar. Ynskje med konsertane er å gi håp og å fortelje om håpet Norea ynskjer å dele med menneske rundt om i verda. Lillebø Sæth er sjølv songar og låtskrivar. Ingrid Grøvan har utdanning frå Griegakademiet i Bergen, har vore songpedagog og lærar på Kongshaug musikkgymnas, og er kjend rundt i Noreg for sin stemmeprakt. Ingvild Sæther er utdanna fiolinist og spelar både i symfoniorkester og i mindre besetningar.
Vi har tatt ein prat med Elisabeth Lillebø Sæth om håpskonsertane.
Create your
podcast in
minutes
It is Free