I helga er Ålesund gatefotball på NM i Oslo. Trenar Magne Kvalø og kaptein Samuel Zigale var i studio rett før avreise for å fortelle om helgas store opptur. Samuel Zigale har budd i Noreg i 15 år og er papirlaus flyktning frå Etiopia. Etter jul vart han plutseleg henta til Trandum på Gardermoen for retur til Etiopia, men etter mykje kamp frå fleire instansar fekk han reise heim til Ålesund til 17. mai. Zigale fortel at Frelsesarmeen i Ålesund er hans familie og at han er svært takknemleg for alle som støttar han. Ålesund gatefotball betyr svært mykje for han, og kampen om å få bli i Noreg er enno ikkje over.
No i helga deltek altså Ålesund gatefotball på NM i Oslo, og både Zigale og Kvalø gledde seg før avreise til ei helg med fotball og sosialt.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Create your
podcast in
minutes
It is Free