Det var då kameraten kom og la ein Bibel i handa til Ruben Lie Monsen, at livet hans starta ein endringsprosess. Då Lie Monsen var 22 år gamal var han ferdig utdanna lærar og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det var då han vart frelst. Han kalte seg ein kristen tidlegare, men han fortel i intervjuet at det ofte var då han var full han ville fortelje at han var ein kristen. Ein dag kom ein kamerat og la ein Bibel i handa til Lie Monsen, og då starta han å lese i Bibelen for alvor. Det gjorde at han vart meir og meir nysgjerrig, og at det til slutt gjekk opp eit lys for han.
Høyr heile historia til Ruben Lie Monsen på Radio Sunnmøre.
Create your
podcast in
minutes
It is Free