I 25 år har vokalgruppa Bless sunge saman. Det heile starta med ekteparet Kirsten Mona og Torbjørn Aadland, som hausten 1998 samla ei gruppe songglade vener for å synge flotte arrangement av kristne songar. Slik har dei halde fram og fem av åtte medlemmar har vore med sidan starten. Dei øver framleis heime i stova til familien Aadland.
I år har gruppa Bless for fyrste gong vore i studio og laga sin fyrste EP. Songane er a capella, altså utan andre instrument enn stemmene, og det er Jon Kleveland som har vore produsent under innspeling.
Vi har tatt ein prat med Bjørn Inge Sagstad i vokalgruppa Bless.
Create your
podcast in
minutes
It is Free