I helga var over 300 samla i Fredheim Arena, Sandnes for ei norgespremière av det nye borne - og ungdomsopplegget, Awana og mellom dei var Randi Fagerhol Lauvås, leiaren i Imf-Ung Sunnmøre.
Ho gledar seg til å få kome i gong på Sunnmøre.
- Awana er eit gjennomarbeida opplegg frå barna er 2 år til dei er 18-19 år. Kjerna i opplegget er ei grundig bibelundervisning, seier ho.
Awana vart starte av ein utflytta nordmann, Art Rorheim, i Chicago 1950. No er det spreidd til over 100 land og målet er å nå 10 millonar born og unge med evangeliet innan 2020.
I helga fekk dei tilreisande eit godt innblikk i kva arbeidet handler om og det er mange som virkelig brenn for dette. Høgdepunktet var å få sjå det i praksis, det var laga til forskjellige stasjoner som viste fram opplegget.
Awana er kombinert med grupper slik at det blir nære relasjoner mellom gruppeleiar, born og heimen. Opplegget passar like godt for dei små laga, som dei store, fortel Lauvås.
Du høyrer intervjuet her:
Create your
podcast in
minutes
It is Free